I solnedgangen på Eidsbugarden i 2018 skjer noko som ein sjeldan har opplevd før. Med Bygdin som bakgrunn dansar fleire tusen ungdomar skamlaust til tonane frå fele og banjo. Ved Rondane (Aasmund Olavsson Vinje/Hans Martin Austestad, mel: Edvard Grieg) og Etter ein rangel (Jakob Sande) ljoma mellom Jotunheimen sine tindar. Framom scena kvervlar par i ullgenserar rundt i armane til kvarandre i dans, ei improvisert jenka-lenke oppstår i folkemengda, og ikkje eit menneske står i ro. På scena står Vinjefolk, eit storband som spelar sin folkemusikk saman for fyrste gong. Dette hadde han nok likt, namnefaderen og rebellen Aasmund Olavsson Vinje.
Det finst ikkje noko så usexy som ordet bestillingsverk, sa Julie Forchhammer, festivalsjef for Vinjerock våren før storbandet Vinjefolk oppstod. Fordommane var trassa, for Julie Forchhammer ville lage folkefest på Vinjerock. På ynskjelista stod skamlaus partymusikk for folk som ikkje kan noko om folkemusikk frå før. Usexyheita forsvann som dogg for sola den sommarnatta i Jotunheimen. Vinjefolk skapar lystig og frigjerande folkemusikk av slåttar som er kjende, i ei ny form som der ingen kan stå i ro. Dei er folkemusikkbandet verda ikkje visste den trengde, skreiv ein anmeldar frå Folkemusikk.no etter Osafestivalen på Voss.