Radio Fjaler: Recent Episodes

Teaterfestivalen i Fjaler

Radio Fjaler

View Details

Radio Fjaler inviterer inn unge fjalerbuar mellom 13 og 20 år til ei drøfting av heimstaden !
Kva elskar vi med å bu i Fjaler ? Kva hatar vi ? Og fire dagar før lokalvalet; kva bør politikarane endre for å gjere Fjaler til ein betre plass å bu for dei som er under 20 ? Og kva moglegheiter ser de i nye Samvirket ?

Samtalen vert leia av Asta Nuka Fruelund Gabriel. Ho er student ved United World College, driv sin eigen podcast og er - trass sine unge år - ein erfaren samtaleleiar.

View Details

Khaleda Froagh er ein av dei mest kjende, nolevande poetane i Afghanistan. Ho har vore professor i internasjonal litteratur i Kabul og leia litteraturprogram i Afghansk TV og Radio. Mannen hennar, Waheed Warasta, er poet og journalist, menneskerettsaktivist og omsettar. Han var leiar i PEN-foreninga i Afghanistan i fleire år. Saman har desse to vore pionerar innan litteraturformidling i Afghanistan, og har jobba for eit ope ytringsrom i den Afghanske kulturen.

View Details

I Scenekunstbruket sitt prosjekt «Unge stemmer» vert ungdom invitert til å skrive og reflektere rundt kunstopplevingane sine. Gjennom prosjektet «Hendingar III» skal ungdomskuleelevar frå Fjaler samarbeide med masterstudenter frå Kunsthøgskolen i Oslo og realisere tankar saman med dei. I denne sendinga vil Mariken Lauvstad snakke med redaksjonsmedlemmane i «Unge stemmer», deira mentor Runa Borch Skolseg, prosjektleiar Elin Owren Rekdal i scenekusntbruket og Anne Holtan ved KHIO- om verdien av å samarbeide med dei unge og kva som skjer med kunstnarane sine idear når dei tek ungdommane inn i arbeidet. 

View Details

Flying Seagulls spelar teater for barn i flyktningleirer, medan Tigerstadsteatret sin draum er at Oslo skal bli verdas beste by for barn å vokse opp i. Fyllingsdalen teater la ned teaterdrift mellombels i år, for å samle inn mat og klede til Ukraina. Maiken Lauvstad snakkar med Bendik Nordgaard (Flying Seagulls), Wenche Viktorsdatter Paulsen (Tigerstadsteatret) og Jørn Kvist (Fyllingsdalen Teater) om kunst med eit sosialt engasjement. 

View Details

Festivallaurdag vert det eit realt mestermøte mellom nokre av våre fremste historiebærarar! Elias Akselsen, pinsevenn og vår fremste forvaltar av tatarane sin songtradisjon, Terje Nordby, mytolog, dramatikar og visesongar, Fridtjov Urdahl, historieformidlar og skald. Med sine forskjellige utgangspunkt samlast dei på utescena i song, drøs og historieforteljing - i eit program som vil handle om Tru og Overtru, leia av regissør og dramaturg Morten Cranner.

View Details

Den revolusjonære katolske ungjenta Jeanne d ́Arce vart brent på bålet som kjetter for sin heilage overtydning i 1341. Lekmannspredikanten Hans Nielsen Haug skapte ei folkerørsle i Noreg på byrjinga av 1800-talet, og for det vart han fengsla fleire gonger. Skodespelar Juni Dahr har levd med Jeanne d ́Arc i snart førti år, medan Birger Løvlie har fordjupa seg i Hauge i si forskning på Høgskulen i Volda. I Radio Fjaler diskuterer dei tema som Tro og Ytringsrom, saman med Ole Mads Vevle, som er både religionshistorikar og performancekunstnar - og festivalaktuell med monologframsyinga ”KJÆRE G-d”.

View Details

Kva har sokneprest Knut Arne Kummuneje, kunstmålar Erik Hovland, skodespelarane Torbjørn Davidson (”Flytende Speil” ) og Vincent Vernerie (”SOLA”) til felles? Jo, dei er alle aktuelle på festivalen - og i arbeida deira står ideen om FAR, heilt sentralt. I Radio Fjaler vil dei fire drøfte faren sin plass, i kvardagen og det nære, i arbeida deira - men og korleis vi les denne rolla i eit kulturelt og religiøst perspektiv.

View Details

Om fotballens mysterier og lengselen etter heltar; Henning Bergsvåg leiar samtalen med forfattar Dag Solstad og fotballspelet-regissør Vegard Vinge og tidlegare Fjalerordførar og linjemann Arve Helle. 

View Details

Scenekunsten og kutlurlivet er hardt ramma av koronakrisa- kva vert den langvarige konsekvensen?  Til å hjelpe oss å løfte blikket og filosofere over kunstens kår i denne underlege forbudstida, har vi invitert scenekunstkritikarane Grethe Melby (BT), Chris Erichsen (scenekunst.no) og Therese Bjørneboe (Redaktør, Norsk Shakespearetidsskrift).

Samtalen vert leia av Idun Vik. 

View Details

Dansar og koreograf Jonas Pedersen fra Høyanger har eit nostalgisk forhold til vestlandsnaturen han vaks opp i. 

Dramatikar Camara Joof vart invitert til å sitte ved ei bestemt fjordutsikt og skrive tekst til Desibel, medan komponist Terje Isungset gjerne finn musikken sin i fleire tusen år gamal is. Idun Vik samlar nokre av kunsntarane bak bestillingsverka «Røyst» og «Ripe» til ein samtale om inspirasjon, frykt og kjærleik,  i spennet mellom individ og natur.